Helgekurs hausten 2017 (startdatoen kan endrast)

Helgekurs hausten 2017 (startdatoen kan endrast) 2017-09-09 09:00:00 Erik Røthe Klette heimabrygg.og.smalahove@gmail.no www.vosshpk.no 16 11500 Voss hang- og paragliderklubb (Voss HPK) startar opp byrjarkurs i paragliding, kurset er eit helgekurs over (minst) ti dagar som held seg i Voss og omegn og har som mål å vera ferdig i perioden som er sett opp (vèravhengig). Du som deltakar lyt setja av alle dagane kurset pågår, me startar ofte opp tidleg på dagen og held på til seint på kveld; vèret dikterer tidene. Kurset vert lagt opp slik at sjølv om ein ikkje kan vera med alle hegene dette pågår kan ein likevel verta med på kurset og gjera seg ferdig, det vil foregå heile våren til alle er ferdige. Kursprisen er 11500 NOK og inkluderer leige av paraglider og anna utstyr relevant for kurset, lærebøker, forsikring og medlemsskap i Voss HPK/Noregs luftsportsforbund (NLF). Du lyt sjølv stille med varme og robuste klede og fottøy samt møta opp frisk og opplagd på kursdagane. I løpet av kurset skal du gjennom både teori og praktiske øvingar fram til ein eksamen som gjev deg lisens til å fly paraglider. Våre instruktørar vil ta deg frå å ikkje kunna noko osm helst om paragliding til å verta sjølvstendig pilot som skal kunna ta eigne avgjerdsler i samband med flyginga; både det grunnleggjande og steget vidare. Etter kurset kan du fly saman med oss i Voss HPK, me har eit godt og stort miljø som vil fylgja deg opp om du treng det, eller me vil hjelpa deg med å komma i kontakt med din lokale klubb om du ikkje bur på/kjem til å fly på Voss. Kurset vil fylgja NLF sin opplæringsplan. Me vil samla kursdeltakarane til festmåltid på smalahovetunet dersom det er ynskje om det, men det er ikkje eit krav om å eta smalahove for å bestå kurset. :-) Dersom det vert for få påmelde kan kurset verta avlyst. Du er påmeldt når du har betalt depositum på kr 5000 til Vosshpk, kontonr:9581.05.18384, merket med Paragliderkurs.

Påmeldte

Navnsorter i synkende rekkefølge
Jannicke B olsen
Åsmund Bu
Roger Alpen Bø

Påmelding