Flystader på Voss

av Geir Dyvik

Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadene i Noreg. 
I alle fall på Vestlandet!

Ikkje utan grunn, for her finn du alt ein paragliderpilot kan ynskje seg:

  • gondolbane til start på hovudflystaden Hanguren
  • sydvendt start med god termikk
  • ca. 600m høgdeskilnad
  • 2800 moh høgdebegrensning
  • hovudlanding i sentrum ved Vangsvatnet/Minigolfen
  • kafé ved landinga
  • distansemoglegheiter i mange retningar
  • alternative startar på ulike vindretninger
  • campinplass 100 m frå landinga
  • ein aktiv og triveleg paragliderklubb, Voss Hang- og Paragliderklubb

Møtestad minigolfen

Møtestaden for paragliderpilotar er kaféen Minigolfen ved Vangsvatnet. Er det flyvêr finn du dei ivrigaste pilotane på kafeen ved Minigolfen i frå 10-tida. Sjekk oppslagstavla for nyttig informasjon. Herfrå til gondolbanen "Hangursbanen" tek det berre eit par minutt med bil. Dukkar det ikkje opp folk med eigen bil eller den blå klubbilen, kan du gå på 10-15 minutt til Hangursbana. Du ser bana frå Minigolfen.

Starten ligg 50 meter til høgre når du kjem opp, ein fin gressbakke som er forholdsvis slak og går over i ein markert kant.  Du ser kanten på starten og gjerne vindpølsa nede frå Minigolfen. Starten er  stor med god plass til å legge ut mange glidarar på ein gong, men ikkje blokker startplassen unødig. Er der mange pilotar bør du gjere klar glidaren bakerst på startplassen så du ikkje hindrar andre. Om det går dyr på starten kan du jage dei bort. Og hugs: Lukk grinda, dyra skal ikkje bort til restauranten!

Sørvendt start på Hanguren

Den sørvendte starten set opp fin termikk i fjellsida under start. Du finn gjerne bobla på venstre hjørnet av start tidleg på dagen, like til venstre for vindpølsa. Litt seinare på dagen kan du prøve  over heismasta på kanten framfor Hangurskaféen. Denne bobla står ofte rett over terrassen på kaféen og driftar innover platået bak Hanguren. OBS OBS Hald god klaring til kablar og gondol. OBS OBS! Ut på ettermiddagen kan du finna bra termikk i hogstfelta 1-2 km vest for starten.

Skybas er vanleg omkring 1500 - 1800 meter. Over 2000m på dei beste dagene.

Om lag midtveis nede i lia under start er det eit bratt stup. Her er det siste sjanse å klora seg fast. Må du sleppa taket her er det berre å stikke mot landing, for det er svært sjeldan ein finn noko løft lågare enn dette. Hugs også at du må ha nok høgde til å kryssa busetnaden i sentrum. Landing på den grønne, gresskledte hylla like over Mølstertunet/muséområdet er strengt forbode!

Solgangsbris

Ut på ettermiddagen kjem solgangsbrisen. Det gjev sidevind på start og flyging blir både vanskelegere og meir risikabelt. Somme dagar blir solgangsbrisen så sterk at det gjev penetrasjonsproblem på landing. Følg difor alltid med på Vangsvatnet og sjå etter når vinden kjem. Fly ned i tide! (Og om det skulle bli sterk sønnavind, så viser det nesten ikkje på vatnet!)

Bavallen om vinteren

Om vinteren er det ofte hangflyving på Bavallen som gjeld, for då er det gjerne austavind. Då tek vi turen rundt fjellet frå Hanguren og dreg opp på austsiden til Bavallen, og tek den fireseters ekspressheisen opp. På toppen er det ca. 150 meter å gå flatt ut til venstre. Starten ligg over tregrensa, er stor og fin, og krummar passe på kanten. Her er det ypparleg å topplanda. På gode dagar på ettervinteren kan du også få termikk her.

Det går også an å fly her om sommaren, om det er for mykje austavind til å starte frå Hanguren. Men terrenget på start er ujevnt, så det er ikkje like bra å starte som om vinteren.

Elles så fins det mange andre flystedar på Voss. Du finn informasjon og bilete under siden "flystader". Etter flyging og landing på Minigolfen er det godt med forfriskningar på utekaféen på landinga. Eller eit bad i Vangsvatnet. Du finn gjerne vossapilotane på Minigolfen der dei slappar av etter flyging. Stikkordet for paraglidarpilotar på Voss er altså Minigolfen!  

Nyttige telefonnummer:

Overnatting på Voss Camping: 56 51 15 97
Voss Resort (heisane): 4700 4700

Og skulle du se nokon havna i høgspenten, vær så rask som mogleg og ring Voss Energiverk så straumen blir utkopla! Legg inn på mobilen, for å vera sikker: Voss Energiverk 56528350.