Bjørnstigen (Tverrberg)

take-off-retning-tverrbergBjørnstigen 400 moh vestvendt start er opparbeidd i 2012 og ligg rett aust for flyplassen på Bømoen, du ser starten litt til venstre for enden av flystripa. Køyr mot Raundalen og ta av til høgre mot Tverberg, under jernbana, over ei bru og opp på andre sida. Betal bomavgift for grusveg heilt fram. Starten er vestvendt og fin når solgangsbrisen gjer det umogleg å fly på andre flystader på Voss. Her er hg-rampe og den nye pg-starten ligg like ved. Stup under starten, og flystaden passar kun for erfarne. Topplanding mogleg også for erfarne, men ikkje ideelt. Kan vere utgangspunkt for distansetur. Fast landingsplass er ikkje etablert, men det er fleire store jorder under start du kan lande på hvis det ikkje er konflikt med grasproduksjonen. Spør grunneigar. OBS: Nord for flyplassen er det droppsone for fallskjerma, forbode for paraglidar! Og over bosplassen/Bjørke-gardane, mellom fjellet og bane 09 er finale for fly, også seilfly som kjem stille. Ver obs og gjer ditt for å unngå konfliktar!