Gjelle

flystad-kart-hjelleGjelle ca. 400 moh er nordvendt og ligg under Gråsida tvers over vannet frå Hanguren. Du ser starten frå Minigolfen litt til høgre for rett sør. Blir ein del nytta til hengflyging om sommaren, kurs og skliturar. Kryss brua over Vosso, ta straks til høgre skilta Gjernes, forbi skulen og over ei bru, nede ved landinga Lotatreet går vegen opp til venstre skilta Rio. Bomveg tek av til høgre etter et par km, der vegen flatar ut. Du slepp betale, for klubben betalar årleg avgift. Ca. 1 km å køyre på brukbar traktorveg, ta første stikkveg ut til høgre når du er i en bratt bakke. Du kan snu bilen ved enden av stikkvegen. Starten er ein stor og fin grasbakke som klubben har fått hogd ut og planert, og no leiger. Les åtvaringsskiltet for høgspenten på landinga.

Flystaden er nordvendt, men kan gje fin termikk med tilgang til fjella på Gråsida på gode dagar. Solgangsbrisen blir problematisk om sommaren. Landinga Lotatreet er heilt nede ved vatnet på grasmark , mot elva. Her er det lov å lande i veksande gras for klubben betalar for landinga, men vis omsyn og ta skjermen ut av graset til pakking.

MERK!
Du må krysse ein høgspent ved landingsjordet. Landinga kan være turbulent ved nordavind. Elevar bør bruke flytevest. NB: Ikkje bilkøyring på traktorvegen over landingsjordet! Parkér i det romslege krysset.