Liaset ligg ca. 700 moh vestvendt start ligg på austsida av Lønavatnet. Ny start opparbeidd i 2012. Flott utsikt! Køyr til høgre ved Tvinnefossen camping, opp mot Kyte, så til venstre mot Lemme. På enden av asfaltvegen er det bomveg, bratt eit stykke. Parkering like ved den nye starten. Gamlestarten er 250 m lenger inne ved stølane, der kan du lett topplande. Ofte rolege vindtilhøve og fine løft her, sjølv om det bles godt på Vangsvatnet. Ypperleg for termisk kveldsheng og topplanding. Også mogleg å finneheng på kant under start, om du ikkje kjem opp. Jorder å lande på under start, men ikkje i veksande grasmark. Evt. kan du krysse dalen og lande ved elveinnløpet til Lønavatnet, attmed ei lita bru til hovudvegen er mark som ikkje vert slått. Pass opp for linjene der også!
Karane Harald Horvei, Erik Røthe Klette og Einar Såkvitne har gjort ein KANON jobb for medlemane våre ved å laga ny start som passar alle trinn og speedriding. Fleire har vore med også, men desse har gjort det meste.
Dette vert den flottaste starten på Voss!


