Rokne (Songve)

take-off-retning-songveRokneshagane 400 moh nordvest start ligg på Songvesåsen over Gjernes. Du ser starten frå Minigolfen, mot sør og litt til venstre i lia. Køyr mot Bordalen og ta av til venstre og opp i skianlegget(betal bompengar kr 60). Køyr mot Skutle, men ta til venstre i to kryss ut mot Sonvesåsen. Skilta PG-start. Parkér ovanfor sti og følg stien nedover mot starten, 5 min. HUGS: Lukk att grindene på vegen. Starten er open og stor. Ved lite startvind bruk sletta nedanfor vegen. OBS. Start i kaldluftras/baktrekk kan gje raskt synk, høgspent under start! Landing på Grandane eller Minigolfen, om du når fram, for det kan halde knapt på sklitur. Ha alltid reserve plan for landing! Evt. rett fram mot Lotatreet (se Gjelle-starten). Også mogleg å lande på bakkar eller stranden ved reinseanlegget, då er det kortare å gå over gangbrua til Minigolfen. Solgangsbrisen gjev tvilsam sidevind, og det er fleire høgspentlinjer under start. Flystaden er mykje brukt. Det er ikkje ein stad for speedridar.