Speedriding

Untitled Speedriding from Morten Knapstad on Vimeo.

 

Speedriding, den perfekte kombinasjonen

- Kor herlig er det ikkje å trekke opp paraglideren på ein finværsdag, fly ut og føle seg fri som fuglen?

- Kor herlig er det ikkje å spenne på seg skia og kruse nedover ei fjellside i urørt lett puddersnø?

- Kor herlig måtte det ikkje være å gjera begge deler, på ein gong!?

Det er akkurat det som gjer Speedriding til ein så fantastisk sport. Ein kombinerer to sportar som i utgangspunktet er ganske ulike, men begge gjer deg noko av den samme følelsen. Om det er å kruse gjennom lufta med skjerm over hovudet, eller kruse gjennom lett snø med ski på beina.

I Noreg er folk flest uvitande til kva Speedriding er, og kva det dreiar seg om.

- Speedriding? Kva er det?

- Det er ein sport der du flyr ein liten paraglider med ski på beina.

- Åja, sånn der kiting ja!

Og så forklarer du litt meir detaljar.

Dei fleste skjønner kva det dreiar seg om etter ein liten forklaring, og så får dei lyst til å prøve. Det som kan være både godt og gale med speedriding er at det er veldig lett å lære det grunnleggende ved sporten. Start, flyging og landing er noko du lærer veldig fort i skulebakken samanlikna med paragliding. Skjermane er veldig lettstarta, og du treng berre køyre framover på skia til du på eit tidspunkt letter frå bakken. I prinsippet ganske enkelt, men farleg. Du vil med desse skjermane lett kunne oppnå hastigheter opp mot hundre kilometer i timen, og kanskje meir. Då seier det seg sjølv at ein liten feilvurdering vil kunne få store konsekvenser når du flyr veldig nært terrenget. Med bakgrunn frå paragliding og med utsjekk i speedriding, vil du kunne utøve denne sporten veldig trygt. Før sesongstart 2012, hadde me 94 lisensierte speedriderpilotar. I løpet av vinteren er talet forventa å stige til over 130. Sjølv med eit høgt aktivitetsnivå har me hatt veldig lite ulykker. Bank i bordet. Me håpar at den gode trenden fortsett framover. Styringsgruppa for speedriding har møte kvart år før sesongstart for å diskutere reglar, og utvikling av sporten. Om du har innspel til endringar, eller gode tips, er me i styringsgruppa glad for all tilbakemelding me får frå pilotane rundt om i landet. Send meg ein mail på mortenknapstad@msn.com.

 

I Voss Hang og Paragliderklubb har me denne sesongen satt opp eitt kurs i månaden gjennom heile vinteren. Etterspurnaden har vore stor, og behovet for instruktørar vert større. Denne sesongen er me 4-6 instruktørar som kursar på Voss. Den største etterspurnaden kjem faktisk frå fallskjermmiljøet. Årsaken til det er sikkert forskjellige ting, men fallskjerm er først og fremst ein sommarsport. Og alle vil vel ha muligheten til å fly heile året slik som oss paragliderpilotar? I tillegg treng du berre ein sekk på ryggen, og du reise kor du vil og kortid du vil. Utsjekken går over to dagar, og inneheld praktisk flyging, teori og teoriprøve. Ingen av øvelsane på utsjekken er veldig avanserte, men er tenkt for å lære det grunnleggende på ein trygg måte. Det er ein fordel å ha litt erfaring med ski før du melder deg på utsjekk. Sidan speedriding er mindre væravhengig enn paragliding, skal det meir til at eit kurs ikkje blir gjennomført. Paragliderpilotar som tar kurs er ofte meir konservative i begynnelsen, samanlikna med fallskjermhopparar. Dette er ein fordel når du skal lære på ein trygg måte. Fallskjermhopparane er meir vane med mindre skjermar og høgare hastigheit, men har ikkje den samme skjermkontrollen som paragliderpilotane har. Ein rolig og ydmyk progresjon er viktig i speedriding. Går du for fort fram etter kurset, kan du få deg nokre overraskingar. På same måte som paragliding, er det ein fordel å fly mykje etter kurset, og følge sitt eige tempo og progresjon.

 

Miljøet som har vokse fram etter speedridingen gjorde sitt inntog for nokre år sidan er heilt unikt på Voss. Paraglider- og fallskjermmiljøet lever saman i skjønn forening. Her har vore rekruttering begge vegar. Paragliderpilotar tar fallskjermkurs, og fallskjermhopparar tar paragliderkurs. Reiser du på ski i Voss Resort eller Voss Fjellandsby skianlegg, skal du vera heldig om du ikkje ser ein speedrider i lufta. Begge anlegga har lagt til rette for speedriding, og me som bur i området føler oss priviligerte som har dei muligheitane me har. Me Vossingar har vel ein tendens til å skryte av kor godt me har det. Borte bra, men heime best. Voss Fjellandsby er ein veldig fin plass for nybyrjarar, medan Voss Resort passar dei som har hatt nokre turar. Alle er hjarteleg velkommen til Voss for å speedride, men det er greit å snakke med heisanlegga eller dei lokale pilotane om lokale reglar. Rundt om i bygda har me også mange toppturmuligheiter for fine nedflygingar. Vegen til Sogn og Fjordane er også kort, og her er muligheitene mange. Turen frå Bakkanosi, ned til Nærøyfjorden i Unesco sitt verdsarvområde er vorte ein populær tur for mange.

 

Ein fin topptur, og min personlege favoritt er Lønahorgi med sine 1409moh. Dette er ein topp som er lett tilgjengeleg frå toppen av skianlegget til Voss Resort. Her tar du heisen til toppen, og går med ski og feller i ca 1,5 time. Mange kjenner sikkert Lønahorgi frå helikopterturane på Ekstremsportveko. Det er toppen du ser nordaust for Hanguren, med ei stor antenne på toppen. Det er merka løype heile vegen opp, noko som gjer dette til den tryggaste toppturen du kan gå på Voss. Det er startmuligheter heile vegen opp, og det blir opp til deg kor langt du vil gå, og sjølvsagt kor langt du vil fly ned igjen. Ein topptur med speedrider kan virka bortkasta for mange sidan gåturen opp kanskje er femti gonger så lang som turen ned igjen. Eg meiner det er verdt kvart eit sekund. Om turen opp tar nermare fem timar, og turen ned tar to minutt, er det alltid verdt det når du står på landing med eit stort smil om munnen.

 

Speedriding og paragliding er ein perfekt kombinasjon. Når vinteren kjem, og snøen legg seg over fjella, kriblar det i kroppen etter å finne fram speedrideren. Det skal ikkje meir til enn nokre få centimeter med snø så ligg utstyret klart til sesongstart. Men når våren kjem, snøen smeltar i sola, og små blomkålskyer viser seg på himmelen igjen, då kriblar det etter å finne fram den store sekken og variometeret. Denne kombinasjonen er negativ på kun ein måte. Du vil etter kvart slite med å få fritida til å strekke til.

 

-- Morten Knapstad