Kva er tandem?

           

Opplev eit eventyr!

Voss Hang og paragliderklubb har mange erfarne tandempiloter som kan ta deg med på vestlandets vakraste eventyr, å fly  høgt over Voss i ein paraglider. Kjenn på spenninga, naturen og vindsuset. Ikkje mange har same moglegheit til å få prøva paragliding. Bestill tur no!

 

Ein tandem paraglider er laga for at 2 personer skal fly saman. Du vil sitta behageleg i ein sele, medan piloten sit bak deg og styrer heile flyturen. Mellom oss er det eit stangsystem som me begge heng i, og som paraglidaren er festa til. Du kan også få styre litt sjølv, om du vil!

 

Turen starter med at piloten forklarar deg nøye kva som skal skje. Utstyret vert lagt ut og blir kontrollert av piloten. Etter dette vil me snakke om kva du skal gjere og korleis du vil oppleva det under turen. Det er veldig naturleg om du er nervøs, men erfaringa vår er at når ein er i lufta vert slike ting gløymt fort, og du vil nyte turen. Du kan ta bilete der oppe frå, så ta med kamera. Hugs varme gode sko og klede, det kan vere kjølig i høgda sjølv om det er varmt på bakken.

 

Tryggleiken er vår fyrste prioritet.  Om vér og vind ikkje er bra den dagen som er satt opp til flytur, kan den bli flytta eller kanselert på kort varsel.

 

 

PRISER inkl. transport:

Frå Hangur/Bavallstoppen/Hjelle/Rokne/Tverrberg/Liaset: kr. 1600,-
Under Ekstremsportvek: kr. 1650,-
Frå Aurland eller andre fjell som ligger langt borte, kr. 2500,-

 

Viss ingen tandempiloter er oppført under BOOKING nederst på siden her, ring då tandemkoordinator på 46788600, eller send mail til.

 

Send elektronisk brev! tandemvoss(krøllalfa)gmail.com